page view image

HP Gundersen & his Cosmic Allstars, feat. John "JT" Thomas

I anledning av at musikklegende og HP-venn JT (John Thomas) er i Norge inviterer me til ein uforgløymeleg konsert i Hosanger Kyrkje. Dette blir ei heilt unik konsertoppleving, spesiallaga av HP Gundersen for akkurat denne anledninga.

Information
event image

Hosanger har no hatt to uforgløymelege, eksotiske besøk av steelgitarlegenda Sarah Jory, som no er booka for full verdensturné neste år med sjølvaste Luke Combs,ein av dei aller største countryartistane i verda i dag. Dette har me fått til fordi musikar og produsent HP Gundersen har lagt sin elsk på Hosanger, og fordi han har eit eineståande musikalsk nettverk.

Pianist/organist John "JT" Thomas er eit anna levande stykke musikkhistorie, som no er på veg til Hosanger fordi HP vil det slik.

John starta karriera si som medlem i Captain Beefhearts Magic Band, for så å bli medlem i kultbandet The Sparks. Etter ti år med The Sparks jobba han eit år med Tracy Chapman, både live og i studio, før han vart fast medlem i bandet til Bruce Hornsby, der han framleis spelar. Han er også pianist i bandet til den legendariske gitaristen Albert Lee. I tillegg har han turnert med Bonnie Raitt, Emmylou Harris, Jackson Browne, David Lidney og The Greatful Dead.

Saman med HP og JT er Åse Britt Jakobsen (vokal), Cecilie Leganger (theremin og tangentar), Ben Eriksen (gitar), Øyvind Storli Hoel (bass) og Stein Inge Brækhus (trommer).

konsert

Restrictions

Det blir inga servering i kyrkja.

Waiver

Kjøpte billettar blir ikkje refundert.